Rom i bofellesskap Vilhelm Storms Gate 2, Trondheim
Om boligen
- BoligtypeRom i bofellesskap
- Areal11 m2
- Antall rom1 ledig rom
- Etasje1. etasje
- LeieperiodeLangtidsleie
- Ledig fra01.07.2025
Betingelser
- Månedsleie5 500
- Depositum0
Fasiliteter
- Bredbåndstilknytning
- Hvitevarer
- Parkett
- Rolig
- Vaktmester-/ Vektertjeneste
Utfyllende informasjon
Rom til leige på Kalvskinnet – roleg og sentral leilegheit
Hei!
Eg skal flytta, og ser derfor etter nokon som kan ta over rommet mitt i ei koseleg leilegheit på Kalvskinnet. Rommet har vindauge ut mot bakgarden, og det er ingen rom vegg i vegg, noko som gjer det svært roleg. Skap følger med, og senga kan eventuelt overtakast etter avtale.
Leilegheita har ei flott og sentral beliggenheit i midtbyen, berre to minutt frå Nidarosdomen busstopp, samtidig som det er eit stille og triveleg nabolag. Nidelva ligg rett ved, så det er veldig fint for turar, joggeturar eller berre å sitte ved elva og nyte omgjevnadene.
Det er totalt fire soverom i leilegheita, og du deler bad, toalett, kjøkken og gang med dei tre andre. Leilegheita har ikkje ei eiga stove. I kjellaren er det ei bu som kan brukast til oppbevaring. Sannsynlegvis er det eit rom til som skal bli leigd ut snart, så dei to som blir buande er:
- Anna, 23 år. Studerer arkiv og samlingsforvaltning. Liker å strikke, lese og gå tur.
- Sunniva P. , 25 år. Skal starte på siste året på lektor i samfunnsfag. Liker å strikke og prøver å lære seg å sy.
Leiga er 5500 kr/mnd + 295 kr for internett. Straum kjem i tillegg. Per i dag er det ikkje oppretta depositumskonto, men om det blir aktuelt, er depositumet på 16 500 kr per person.
Har satt innflytningsdato som 1.juli, men det kan vera mogleg å overta før det dersom ein ønskjer.
Gjerne ta kontakt ved spørsmål eller for å avtale visning/videovisning :)
Visningsinformasjon
Ta kontakt for å avtale visning.
Beliggenhet
Adresse: Vilhelm Storms Gate 2, 7012 Trondheim
Sist endret: 15.05.2025 15:53