Gå til hovedinnhold

Rom i bofellesskap Pilestredet 63A, Oslo


Om boligen

  • BoligtypeRom i bofellesskap
  • Areal7 m2
  • Antall rom1 ledig rom
  • Etasje5. etasje
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Ledig fra01.08.2025

Betingelser

  • Månedsleie7 000
  • Inkludert Varmtvann
  • Depositum20 400
  • Godtatt sikkerhet Depositumskonto

Fasiliteter

  • Hvitevarer
  • Møbler
  • Sentralt

Utfyllende informasjon

Ledig rom i koselig kollektiv <3

Vil du bu i byens triveligaste jentekollektiv? Ein av våre kjære roomies skal flytte ut, og vi får derfor eit ledig rom i kollektivet, og vi treng derfor ny roomie - som helst vil bli buande minst eit år, men gjerne også fram til 2027.

NB!! Leiga er per i dag 6800, men vil bli KPI-justert til hausten. Nøyaktig auke er usikkert enda.

Vi bur i ei stor og fin leiligheit på Bislett, nær 17- og 18-trikken, samt 21-bussen, og med alt du treng av butikkar, kafear, treningssenter og anna gøy like rundt hjørnet.

Rommet som blir ledig er ikkje det største i verden, men har godt lys, rikelig med oppbevaring, og fellesareala er store! Skap, kommode og seng kjem med rommet!

Ellers kan vi friste med stor stue, god takhøgde, masse lys og god stemning!

Er du ryddig, avslappa og glad i ein kopp te med kollektivet på kveldane vil vi gjerne møte deg Vi som blir buande er Ingeborg, Runa, Miriam og Leonie, alle i midten av 20-åra. Ellers er vi ei god blanding av studentar og folk i arbeid, så kor du er i livet er ikkje så nøye, men vi vil finne ei femte som vi har litt til felles med, så gjerne skriv litt om deg sjølv og interessene dine når du tek kontakt, så inviterer vi aktuelle interesserte til visning.

Leiligheita har også stor gang med masse oppbevaring, plass til å tørke kle eller lage dansegulv, og ei romslig kjellarbod der det også går an å lagre ting.

Litt om oss som bur her no:
Ingeborg er 25 år, har master i Utviklingsstudier, og jobbar for tida som kommunikasjonsrådgivar i tillegg til å jobbe frivillig på sida. Ellers finn du henne ofte godt i gang med å binge ein dårlig serie på netflix, frustrert over eit eller anna nytt strikkeprosjekt, på kjøkkenet for å bake surdeigsbrød og kanelbollar.

Miriam er 25 år og musikkstudent frå Trondheim. Ho er ofte på farta - anten det er for å spele konsert, gå i studio eller reise til eit eller anna spennande nytt land. Når ho er heime er ho ofte å finne på kjøkkenet med eit eller anna kreativt matprosjekt

Runa er 25 år og kjem frå Volda. Ho har ein bachelor i Performing Arts, og studerar kulturledelse. Ellers er ho kollektivets strikkeguru, og er ofte å finne på stova med ein kopp te og det nyaste strikkeprosjektet.

Leonie er 27 år frå Tyskland. Når ho ikkje er i keramikk-studio (eller på besøk i Tyskland), er ho også gjerne med på strikk og hygge i stova - når ho ikkje er opptatt med å studere eller på jobb i barnehagen.

NBNB! Strøm og internett er separat. Strøm på sommaren brukar ligge på rundt 100kr per person, men kan komme opp i rundt 1000kr per person på vinteren, avhengig av strømprisane :)) Internett kostar 729kr/mnd.

NBNBNB! Vi har aldri tatt fram målebånd og målt, så alle m2-mål er ca.


Visningsinformasjon

Ta kontakt for å avtale visning. Gjerne skriv litt om deg sjølv også!


Beliggenhet

Adresse: Pilestredet 63A, 0350 Oslo

Annonse-ID: 314937
Sist endret: 22.04.2025 22:17

Logg inn for å kontakte annonsøren