Søker bolig for 2 personer fra 15.09.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i leilighet, Hybel, Leilighet, Hus
- Beliggenhet Bagn, Begnadalen, Hedalen, Nes, Sør-Aurdal
Betingelser
- Antall2 personer
- Maks leie8 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato15.09.2026
Om leietaker
- Jobbstatus Fulltidsjobb
- Arbeid Begnadalen barnehage, barne og ungdomsarbeider
- Renslighet Ryddig
- Festvaner Fester ikke
- Interesser Campingliv., Fiske, Frivillighetsarbeid, Lese
Utfyllende informasjon
Heisann!
Eg er ein godt vaksen mann på 57 år som har jobba mange år som barne- og ungdomsarbeidar. No har eg vore så heldig å få sjølvaste «draumejobben» i Begnadalen barnehage, og gler meg stort til å starte. I den samband er eg på utkikk etter ein plass å bu i nærområdet.
Eg er open for det meste: hybel, hybelleilegheit, sokkelleilegheit eller eit lite hus/kårbolig – alt etter kva som finst.
For å unngå bomvegen ved Bagnskleivtunnelen søkjer eg primært på denne sida av bommen. Det vil seie i området rundt Begnadalen, Hedalen, Tonsåsen, eller sørover langs hovudvegen (E16) forbi Nes i Ådal. Det viktigaste er at det ligg innanfor ca. 30 minutt køyreavstand frå barnehagen.
Sidan 2018 har eg hatt campingvogn på fastplass på Morudstranda hjå Rein Arve, Lene og Kåre. Eg er difor godt kjend i bygda og er her for å bli – eg er absolutt inga døgnflue!💡
Kort om mine behov:
Boligtype: Open for leilegheit, hus eller hybel. Sidan eg bur åleine i vekene, ser eg etter noko som er funksjonelt.
Pris og økonomi: Eg har ikkje sett ein fast makspris, då dette blir ein totalvurdering ut frå beliggenhet og kva som er inkludert (strøm, internett osv.).
Møblering: Eg ønskjer i utgangspunktet noko som er møblert eller delvis møblert, då dette gjer det enklast for meg som vekependlar.
Bruk: I praksis vekependlar. Eg treng ein enkel base i vekedagane. I helgane blir eg enten å finne på Morudstranda eller så reiser eg heim til kona i Lærdal. Kona kjem også til å kome på besøk til meg innimellom.
Standard: Det viktigaste er at det er enkelt og funksjonelt med kokemoglegheiter. Høg luksusstandard er eg ikkje oppteken av.
Overtaking: Omgåande / etter avtale.
Kven er eg som leietakar?
Eg er ein roleg, vaksen, ikkje-røykande og påliteleg leietakar utan kjæledyr. Eg tek godt vare på plassen rundt meg og betalar leiga punktleg.
Har du noko som passar? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein hyggeleg prat
Med venleg helsing,
Per Arne Skjeldestad
Logg inn for å kontakte annonsøren