Gå til hovedinnhold

Mann 24 år søker bolig for 1 person fra 16.07.2026


Ønsket bolig

  • Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet, Hybel
  • Beliggenhet Arna, Bergen, Laksevåg, Ytrebygda

Betingelser

  • Antall1 person
  • Maks leie13 500,-
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Fra dato16.07.2026

Om leietaker

  • Studiestatus Deltidsstudent
  • Jobbstatus Deltidsjobb
  • Utdannelse Nordisk språk (fullført master)
  • Arbeid Universitetet i Bergen, vitskapleg assistent (50%)
  • Renslighet Ryddig
  • Festvaner En gang innimellom

Utfyllende informasjon

Hei!
Eg heiter Johannes, og er 24 år gammal. Våren 2026 fullførte eg ein master i nordisk språk ved NTNU, og eg har fått jobb som vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen. I jobben skal eg vere med på å lage ein database over gamle norske tekstar (frå før år 1800). Derfor ser eg etter ein stad i Bergen å flytte til i juli eller august. Eg kjem mest sannsynleg til å bu der i 1-2 år.

Eg er open for mange ulike typar busituasjonar, og kan både bu i hybel aleine og i kollektiv med andre, alt etter kva eg blir tilbydd. Det er ikkje viktig for meg å bu sentralt i Bergen, så lenge det er lett å komme seg til sentrum med kollektivtransport.

Eg er generelt ein roleg person som liker å lese bøker, lære språk og vere saman med venner. Eg trener regelmessig styrke på treningssenter. Eg har dessutan eit høgt verv i organisasjonen Norsk Målungdom, der eg reiser litt rundt i landet nokre gonger i året.

Eg kjenner fleire på min alder som allereie bur i Bergen eller skal flytte dit. Eg har vore i Bergen før, og synest byen er veldig fin. Eg gleder meg til å komme dit og bu der på fulltid.

Eg har tidlegare berre budd i studentsamskipnaden i Trondheim, som var i dei fem åra eg studerte der, så dette blir første gongen eg søker på den private boligmarknaden.

Eg håpar eg høyrer frå deg, og at du har lyst til å la meg leige hos deg.
Beste helsing
Johannes

Logg inn for å kontakte annonsøren

Om Hybel

Hybel tilbyr en markedsplass for utleie av bolig samt et komplett forvaltningssystem for utleie av bolig og næringseiendom. Hybel tilbyr blant annet digital opprettelse og signering av leiekontrakter og overtakelsesprotokoller, utleieforsikring, innboforsikring, fakturering av leie, opprettelse av depositumskonto, depositumsgaranti, kredittsjekk og ID-verifisering av leietakere.

Hybel Logo © Hybel AS 2026