Kvinne 21 år søker bolig for 2 personer fra 01.08.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Leilighet
- Beliggenhet Bergen
Betingelser
- Antall2 personer
- Maks leie15 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2026
Om leietaker
- Studiestatus Fulltidsstudent
- Jobbstatus Deltidsjobb
- Arbeid Tilkallingsvikar på skule og sjukeheim.
- Sivilstatus I et forhold
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner En gang innimellom
- Interesser Spelekvelder, Ski, Trening, Familie, Venner, Friluftsliv, Matlagning
Utfyllende informasjon
HeiHei!
Vi er eit kjærastepar på 20 og 21 år frå Vestlandet som er på utkikk etter ein triveleg stad å bu saman i studentlivet. Begge er oppvaksne i mindre bygdesamfunn og set stor pris på naturen, nærmiljøet, og eit roleg og godt bumiljø.
På fritida finn du oss ofte ute i naturen eller i aktivitet. Vi likar friluftsliv og digger alt frå ski og fisking, til fotball og styrketrening. Samtidig er vi veldig familiekjær, og elsker å bruke tid med dei gode menneskene vi har rundt oss.
Vi er sosiale og energiske personar, men set også stor pris på rolige kveldar heime med gøye spel eller ein god film. For oss handlar kvardagen mykje om å skape eit triveleg og hyggeleg heimemiljø der vi kan slappe av etter studie og aktivitetar.
Som leigetakarar er vi ryddige, ansvarsbevisste og opptatt av å ha det reint og på stell rundt oss. Vi tek godt vare på bustaden vi bur i, og behandler den som om den var vår egen. Vi er positive av natur og ynskjer å vere pålitelege leigetakarar, nokon som er lette å samarbeide med, og ser løsning istedenfor problem.
Vi håpar veldig de vil vurdere oss som leigetakarar, og vi svarar gjerne på spørsmål dersom de ynskjer å vite meir om oss.
Med vennleg helsing
Tale og Viktor❤️