Kvinne 20 år søker bolig for 1 person fra 01.08.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet, Hybel
- Beliggenhet Oslo
Betingelser
- Antall1 person
- Maks leie8 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2026
Om leietaker
- Jobbstatus Deltidsjobb
- Utdannelse Videregående, studiespesialiserande
- Sivilstatus I et forhold
- Renslighet Ryddig
- Festvaner En gang innimellom
- Interesser Musikk, Klatring, Fjelltur/tur, Strikking, Lesing, Maling
Utfyllende informasjon
Hei!
Eg heiter Eirin, er 20 år og kjem frå bygda Jølster på Vestlandet. Til hausten er eg innstilt til sentralstyret i Natur og ungdom, og ser derfor etter eit kollektiv sentralt i Oslo. Gjerne med ok avstand til kontoret på Torshov.
Eg er opptatt av å vere ryddig, pliktoppfyllande og ansvarsfull, og har fleire års erfaring med å bu i kollektiv.
Det er viktig at kollektivet kjennest trygt og velkomment, med respekt for ro og privatliv. Samtidig diggar eg å bli kjent med nye folk! Eg blir meir enn gjerne med på fellesmiddagar, filmkveldar og anna gøy.
Elles er eg ei kreativ sjel og elskar musikk, teikning, film, bøker og strikking. I tillegg drar eg gjerne på buldring og joggetur. Eg har gått på musikklinja og Toneheim folkehøgskule, og spelar jazztrompet og piano på fritida. Men øver sjølvsagt ikkje i kollektivet.
Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt!