Kvinne 20 år søker bolig for 1 person fra 01.08.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet
- Beliggenhet Trondheim
Betingelser
- Antall1 person
- Maks leie8 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2026
Om leietaker
- Sivilstatus Singel
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner En gang innimellom
- Interesser Baking, Dans, Dyr, Friluftsliv, Musikk, Trening
Utfyllende informasjon
Hei!
Eg heiter Unn Katrin, er 20 år, og kjem frå Skjåk - ei lita bygd i Gudbrandsdalen. Til hausten byrjar eg å studere ved NTNU, og i den samanheng er eg på utkikk etter eit jentekollektiv.
Eg vil beskrive meg sjølv som ein ryddig, påliteleg og omgjengeleg person. Fritida mi brukar eg gjerne på friluftsliv, trening, matlaging og å vere saman med venner.
Eg har tidlegare budd i kollektiv saman med fire andre jenter, noko som har gjeve meg verdifull erfaring med å samarbeide, dele ansvar og bidra til eit godt fellesmiljø. Dette var eit svært godt opphald der alle fungerte godt saman, og eg håpar no på å finne ein ny stad med like god dynamikk.
For meg er det viktig med ei god balanse mellom sosialt og privatliv; eg likar å vere sosial og bli kjent med dei eg bur saman med, samtidig som at eg respekterar behovet for ro og eigentid. Eg håpar på å finne ein stad der det er god stemning og gjensidig respekt, og eg set pris på ein ryddig og triveleg heim.
Eg ser fram til å finne ein stad der eg kan trivast og starte studielivet i Trondheim på ein positiv måte!
Logg inn for å kontakte annonsøren