Mann 20 år søker bolig for 1 person fra 01.08.2025
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i leilighet
- Beliggenhet Trondheim
Betingelser
- Antall1 person
- Maks leie7 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2025
Om leietaker
- Studiestatus Fulltidsstudent
- Utdannelse begynner på lektorutdanning 8-13, men har et årsstudie i Sport management fra før.
- Arbeid Idrettsutøver
- Sivilstatus Singel
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner En gang innimellom
- Interesser Filmer, Fiske, Friluftsliv, Frisbeegolf, Golf, Idrett, Matlaging, Serier, Spelekvelder
Utfyllende informasjon
Hei!
Eg heiter Johannes og kjem frå ei vestlandsperle som heiter Jølster. Der eg er eg oppvaksen på ein gard, men har sidan eg var 15 år budd for meg sjølv ilag med andre på lillehammer. Der gjekk eg på hopp og kombinertlinja hos Norges Toppidrettsgymnas, og har etter fullført vidaregåande fortsatt i samme hoppteamet. På Lillehammer har eg både jobba, gått på skule, samt at eg har drive med idrett på ei og samme tid.
Eg har fleire hobbyar, dei fleste omhandla det å vere aktiv og ute. Eg spelar hyppig golf, eg er sosial, eg fiskar, nyt naturen og er heller ikkje fremmed for ein telttur, og eg set pris på ein roleg kvardag, med nokre festligheter her og der. Eg er ein sosial og lett omgjengelig fyr, som gler seg til å bytte beiteområde.
Eg har kome inn på skule i Trondheim, lektor 8-13 trinn med kroppsøving, og kjem til å fortsette toppidrettsatsinga mi i regi av trønderhopp. Til tross for at eg har mange hobbyar og ballar i lufta, har eg eit behov for å kunne trekke meg tilbake for å restituere mellom slaga. I samband med satsinga, medfølgjer det naturlegvis fleire reisedøgn både på konkurransar og samlingar gjennom året.
Eg har budd ilag med andre i over fem år, og ser på meg sjølv som over gjennomsnittet ryddig, og likar å ha det ryddig rundt meg for å kunne fungere best mogleg. Som gardsgut er eg også handedyktig, som kan komme godt med om det skulle trengst ei ekstra hand. Eg er ute etter ein triveleg heim, og ikkje ein hybel, samt ein romkamerat eg kan dele ein kvardag med.