Kvinne 26 år søker bolig for 1 person fra 01.08.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet
- Beliggenhet Oslo
Betingelser
- Antall1 person
- Maks leie10 500,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2026
Om leietaker
- Studiestatus Ikke student
- Jobbstatus Fulltidsjobb
- Utdannelse Master i samfunnsgeografi
- Arbeid Trainee i Vestland fylkeskommune
- Sivilstatus I et forhold
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner Fester sjelden
Utfyllende informasjon
Eg er 26 år ('00) og er frå Svelgen i Sogn og Fjordane. I 2020 begynte eg på ein bachelor i samfunnsgeografi og i 2023 fortsatte eg på ein master i samfunnsgeografi, begge ved universitetet i Oslo + to utvekslingsopphald.
Då eg var ferdig med masteren flytta eg til Bergen for å begynne som trainee i Vestland fylkeskommune på avdelinga for Kultur og Folkehelse. No skal eg flytte tilbake til Oslo igjen og her skal eg jobbe i eit 1-årig vikariat som geodatakonsulent i plan- og bygningsetaten sin seksjon for geografisk analyse i Oslo kommune.
På fritida er eg glad i å trene (helst jogge), strikke og lese. Når eg budde i Oslo sang eg også i kor og var kurshalder i røde kors og det tenkte eg å begynne med igjen
Eg har budd saman med andre sidan eg var 17 år, og trivst veldig godt med det. For meg er det viktig å bidra til at det er hyggeleg å bu saman både ved å ha det ryddig og reint, men også vere sosial og bli kjent med dei eg bur med.