Kvinne 24 år søker bolig for 2 personer fra 01.08.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Leilighet, Hus
- Beliggenhet Bergen, Laksevåg, Sandviken
Betingelser
- Antall2 personer
- Maks leie20 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.08.2026
Om leietaker
- Studiestatus Ikke student
- Jobbstatus Fulltidsjobb
- Arbeid Bergen Klatreklubb, Sportssjef
- Sivilstatus I et forhold
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner Fester sjelden
- Interesser Fjellturer, Friluftsliv, Klatring
Utfyllende informasjon
Hei!
Me er eit roleg og påliteleg par på 24 og 26 år som ser etter ein fin stad å bu over lengre tid. Eg, Lena, jobbar som sportssjef i Bergen Klatreklubb, medan Håvar held på med master i datateknologi og jobbar deltid som ingeniør på sida av studiet.
På fritida er me begge glade i friluftsliv og ein aktiv kvardag. Me klatrar mykje, går fjellturar og er gjerne ute når veret tillet det. Samtidig set me pris på rolege kveldar heime eller ein god middag saman med venner. Me røykar ikkje, har ingen husdyr og lever generelt rolege liv utan noko særleg med festing.
Som leigetakarar er me ryddige, ansvarsfulle og opptekne av å ta godt vare på bustaden me bur i. Me har stabil inntekt og kan også stille med gode referansar frå tidlegare leigeforhold.
Me ser etter ei leilegheit, del av hus eller rekkehus, helst med parkeringsplass til ein bil. Det viktigaste for oss er ein praktisk og triveleg stad å bu med rolige omgjevnader. Slik at me kan lande etter lange arbeidsdagar, eller etter lange dagar ute på klatrefeltet. Sidan me er aktive friluftsmenneske har me også ein del utstyr, så bod eller lagringsplass er ein stor fordel.
Me ynskjer helst langtidsleige frå 1. august, men kan også vere fleksible for rett bustad.
Ta gjerne kontakt dersom de trur me kan vere aktuelle leigetakarar!
Med venleg helsing
Lena og Håvar