Kvinne 24 år søker bolig for 1 person fra 01.07.2026
Ønsket bolig
- Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet, Hybel, Leilighet, Hus
- Beliggenhet Åsane, Bergen, Sandviken
Betingelser
- Antall1 person
- Maks leie12 000,-
- LeieperiodeLangtidsleie
- Fra dato01.07.2026
Om leietaker
- Studiestatus Ikke student
- Jobbstatus Fulltidsjobb
- Arbeid Bergen Klatreklubb, Sportssjef
- Sivilstatus Singel
- Renslighet Veldig ryddig
- Festvaner Fester sjelden
- Interesser Fjellturer, Friluftsliv, Klatring
Utfyllende informasjon
Hei!
Eg er ei påliteleg og ansvarsfull kvinne på 24 år som ser etter ein fin stad å bu over lengre tid. Eg jobbar som sportssjef i Bergen Klatreklubb, og har ein aktiv og stabil kvardag.
På fritida er eg glad i friluftsliv og held meg mykje i aktivitet. Det går mykje i klatring og fjellturar, og eg set stor pris på rolege kveldar heime eller ein middag med venner. Eg røykar ikkje, har ingen husdyr og lever eit generelt roleg liv utan festing.
Som leigetakar er eg ryddig, strukturert og oppteken av å ta godt vare på bustaden eg bur i. Eg har stabil inntekt og kan vise til gode referansar frå tidlegare leigeforhold.
Eg er open for å leige leilegheit, del av hus eller rekkehus, eller flytte inn i eit triveleg kollektiv. Eg kan også vere interessert i å gå saman med andre for å finne ein stad å leige.
I eit kollektiv sett eg pris på at ein kan vare sosial ilag med ein middag eller spelkveld i ny og ne, men også at ein tek hensyn til at alle har eigne liv og treng sin plass. Eg er veldig hensynsfull og lev etter at ingen andre skal måtte rydde mitt rot i fellesareal.
Eg trivst best i rolige omgjevnader. Tilgang til hage eller veranda er ein bonus. Parkeringsplass er ein fordel då eg har bil, og bod eller lagringsplass er svært ynskjeleg grunna friluftsutstyr.
Eg ynskjer helst langtidsleige frå 1. juli, men er fleksibel for rett bustad.
Ta gjerne kontakt dersom du trur eg kan vere ein aktuell leigetakar!
Med venleg helsing
Lena Vassli