Gå til hovedinnhold
Leietakere

Kvinne 20 år søker bolig for 1 person fra 01.09.2026


Ønsket bolig

  • Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet, Hybel, Leilighet
  • Beliggenhet Bergen

Betingelser

  • Antall1 person
  • Maks leie8 500,-
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Fra dato01.09.2026

Om leietaker

  • Studiestatus Ikke student
  • Utdannelse Fagbrev
  • Sivilstatus Singel
  • Festvaner I helger
  • Interesser Familie, Fest, Kos, Tv-serier, Venner, Vinkveld

Utfyllende informasjon

Ser etter folk som vil finne leilegheit saman i Bergen! 🏡✨

Hei! Eg er ei 20 år gammal jente frå Stord som planlegg å flytta til Bergen, og eg ser etter 1–2 (eller 2–3) personar som har lyst til å finna ein leilegheit saman – i staden for å flytta inn i eit tilfeldig kollektiv.

Tanken er at me saman kan finna ein fin leilegheit som me trivst i, og dela husleiga. Eg synest det verkar mykje kjekkare enn å flytta inn med folk ein ikkje kjenner frå før.

Litt om meg:
🌸 Eg er sosial, omtenksam og glad i å bli kjent med nye folk. Dei fleste vennene mine bur allereie i Bergen, så ein av grunnane til at eg flyttar er for å få ein meir sosial kvardag.

Eg har ME og er i arbeidstrening akkurat no, så eg har litt mindre energi enn mange andre. Derfor set eg pris på eit heimemiljø som er trygt, roleg og triveleg. Eg er ryddig, respektfull og likar at alle viser omsyn til kvarandre.

Eg håpar å finna folk som er i omtrent same alder, som er hyggelege, enkle å bu saman med og som ønskjer å skapa eit godt heimemiljø – ikkje berre ein plass å sova.

Om dette høyrest interessant ut, send gjerne ei melding! Kanskje me kan ta ein kaffi eller ein videosamtale først og sjå om me kan vera ein god match som romkameratar. 😊

Logg inn for å kontakte annonsøren

Om Hybel

Hybel tilbyr en markedsplass for utleie av bolig samt et komplett forvaltningssystem for utleie av bolig og næringseiendom. Hybel tilbyr blant annet digital opprettelse og signering av leiekontrakter og overtakelsesprotokoller, utleieforsikring, innboforsikring, fakturering av leie, opprettelse av depositumskonto, depositumsgaranti, kredittsjekk og ID-verifisering av leietakere.

Hybel Logo © Hybel AS 2026