Gå til hovedinnhold
Leietakere

Mann 26 år søker bolig for 1 person fra 01.01.2027


Ønsket bolig

  • Boligtype Rom i bofellesskap, Rom i leilighet, Hybel, Leilighet
  • Beliggenhet Bergen, Oslo

Betingelser

  • Antall1 person
  • Maks leie12 000,-
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Fra dato01.01.2027

Om leietaker

  • Renslighet Ryddig
  • Festvaner Fester ikke

Utfyllende informasjon

Hallaien!

Eg er ein 26 år gammal person som er på jakt etter ein ny stad å bu, anten i Oslo eller Bergen. Eg er ein roleg og ryddig kar som set pris på å ha det ordentleg rundt meg, og eg ønskjer meg ein stad der eg verkeleg kan kjenne meg heime.

Eg er for tida aktivt på jobbleiting, og ønskjer å få på plass ein stabil bustad medan eg tek neste steg. Eg er opptatt av å vere ein påliteleg leigetakar, å ta godt vare på bustaden og å ha eit godt forhold til utleigar og naboar.

Eg ser primært etter ei leilegheit, sokkelleilegheit eller hybel. Eg har ei maksgrense på 12 000 kr i månaden. Eg ønskjer helst at straum og internett er inkludert i leiga. Dersom dette kjem i tillegg, ser eg helst etter bustader med ei månadsleige på under 10 500 kr. Om det er rom i kollektiv, ser eg etter rom under 9500 kr i mnd.

Det viktigaste for meg er at bustaden er lovleg, trygg, ryddig og ein fin stad der eg kan finne meg til rette. Ønska innflytting er helst 1. januar, men eg er fleksibel og kan også flytte inn i desember. Eg ynskjer primært bolig med depositumsgaranti. Eg kan leggje fram referansar viss det er ønskjeleg.

Har du ein bustad som kan passe, eller kjenner du til noko som kan vere aktuelt? Då tek eg veldig gjerne imot ei melding!

Send gjerne litt informasjon om bustaden, kor stor han er, husleiga, kva som er inkludert og eventuelt nokre bilete. Eg set stor pris på alle tilbakemeldingar, også om det berre er eit tips. På førehand tusen takk! 🙏😊

Logg inn for å kontakte annonsøren

Om Hybel

Hybel tilbyr en markedsplass for utleie av bolig samt et komplett forvaltningssystem for utleie av bolig og næringseiendom. Hybel tilbyr blant annet digital opprettelse og signering av leiekontrakter og overtakelsesprotokoller, utleieforsikring, innboforsikring, fakturering av leie, opprettelse av depositumskonto, depositumsgaranti, kredittsjekk og ID-verifisering av leietakere.

Hybel Logo © Hybel AS 2026