Gå til hovedinnhold
Leietakere

Leietaker, 38 år

Kvinne · Norge · Jobber fulltid

BankID-verifisert Kredittsjekk godkjent

Med egne ord

Hei!
Eg heiter Synne, er 38 år og er heilt ny i både Ålesund og på Nordvestlandet. Flytta hit for ny jobb på Giske frå oktober av, og ser etter ein koseleg og roleg plass for meg og mine to whippetar, enten i Ålesund-by og austover mot Moa, eller øyane Valderøya og Giske og ev. Godøya, Vigra og vest på Ellingsøya.

Eg har leigd i Oslo i årevis og er ein rutinert og påliteleg leigetakar som tek godt vare på plassen eg bur. Bikkjene er rolege sovedyr inne og aktive løpsmaskiner ute, og dei er vane med å bu i leilegheit i byen (med alle lydane som følgjer med), og likar seg aller best under eit pledd inne. Elles er dei med meg på jobb kvar dag.

Heimen ynskjer eg skal vera ein koseleg plass for avkopling, der eg kan slappe av, sjå ein god film eller lage noko deilig mat. Eg ser aller helst etter ein treroms, men ein litt romsleg toroms kan òg vere aktuelt. Parkeringsplass er eit stort pluss, og vedomn hadde vore skikkeleg stas – men ingen av delane er eit krav. Det viktigaste er ein triveleg heim med grei veg til jobb.

Har du ein bustad som kan passe, eller veit om nokon som har, høyrer eg veldig gjerne frå deg! Referansar kan sjølvsagt gjevast ved behov.

Mvh, Synne (og Benny & Jetz)

Økonomi og trygghet

  • Kredittsjekk godkjent Ingen betalingsanmerkninger per 29. okt 2026
  • Identitet bekreftet BankID og telefonnummer
  • Jobber fulltid Fuglefjellet AS, daglig leder

Hverdag

  • Har kjæledyr Hund, whippet
Om Hybel

Hybel tilbyr en markedsplass for utleie av bolig samt et komplett forvaltningssystem for utleie av bolig og næringseiendom. Hybel tilbyr blant annet digital opprettelse og signering av leiekontrakter og overtakelsesprotokoller, utleieforsikring, innboforsikring, fakturering av leie, opprettelse av depositumskonto, depositumsgaranti, kredittsjekk og ID-verifisering av leietakere.

Hybel Logo © Hybel AS 2026