Gå til hovedinnhold

Rom i bofellesskap Tankvegen 6, Trondheim


Om boligen

  • BoligtypeRom i bofellesskap
  • Areal8 m2
  • Antall rom1 ledig rom
  • Etasje1. etasje
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Ledig fra20.10.2025

Betingelser

  • Månedsleie5 000
  • Depositum6 000
  • Godtatt sikkerhet Depositumskonto

Fasiliteter

  • Garasje/P-Plass
  • Hage
  • Hvitevarer

Utfyllende informasjon

Rom i bofellesskap

Ledig rom i kollektiv for fire. Me er fleksible på innflyttingsdato frå 20.10.2025-01.01.2025, men helst frå oktober eller november.

Me leier 1.etg i ein stor einebustad, kor huseigar bur i 2. og 3. etasje. I etasjen har me 4 soverom, ei romsleg stove, separat kjøkken, lite bad, gang, og vaskemaskin og frysar i kjellaren. Huset er ikkje veldig moderne, men det er likevel svært koseleg. Det aktuelle rommet er ca. 8 kvm, og månadsprisen er 5000kr utan straum og internett. Rommet er ledig frå 20. oktober. I gangen har me ei bod med lagringsplass, i tillegg til ei sykkelbod i hagen.

Plassering:
Tankvegen 6 ligg på Tyholt, ikkje langt frå næraste busstopp. Det går buss til sentrum kvart tiande minutt. Det er ca. 7 min å gå til Valentinlystsenteret, kor mellom anna Kiwi og Coop Mega ligg. I nærleiken kan ein også finna fine område for turgåing. Ein kjem seg til sentrum på ca. 20 min, Øya og Gløshaugen på 20 min og Dragvoll på 25 min.

I kollektivet bur Olav (25), Ragnhild (23) og Anna (23).
Olav har budd i 4 år i kollektivet. Han er ein hyggeleg jærbu som er lett å prata med. Olav er på sitt tredje år på profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU. Mykje av fritida går med til kor, bokklubb og andre aktivitetar med vener. Han er glad i å treffa nye, og trivst særs godt på film- og spelekveldar.

Ragnhild er ei sosial og sprudlande jente frå Levanger som har budd i Tankvegen i 3 år. Ho fullførte ein bachelor i psykologi i vår, og har i haust begynt på første året på profesjonsstudiet i psykologi. Ragnhild er glad i å vera aktiv. Ho trener og går turar, og er glad i det meste som finst av handarbeid. Elles syng ho i studentkoret Aks, og er aktiv i linjeforeininga på studiet.

Anna er frå Leikanger i Sogn, og har budd i kollektivet i 2 år. På den tida har ho fullført bacheloren sin i fornybar energi på Gløshaugen, og i haust har ho starta i jobb som ny ingeniør. Ho er sosial, glad i å ha mykje å gjera, og ikkje framand for å prøva nye aktivitetar som riding og lindihop. I tillegg driv ho mykje med klatring, og ho er aktiv i IUG (Ingeniører uten grenser), Studenthagen og studentkoret Aks.

Me har blitt godt kjende med kvarandre dei siste åra gjennom felles middagar og film/spelekveldar i stova. Alle tre er også glade i å trekka seg tilbake til romma sine av og til, så det er låg terskel for det. Me har ikkje store festar i kollektivet, men spelekveldar, middagsbesøk eller små vors er greit.


Visningsinformasjon

Ta gjerne kontakt for å avtala visning


Beliggenhet

Adresse: Tankvegen 6, 7046 Trondheim

Annonse-ID: 361437
Sist endret: 11.10.2025 20:15

Logg inn for å kontakte annonsøren