Gå til hovedinnhold

Leilighet, 3 roms Vikens Gate 22, Bergen


Om boligen

  • BoligtypeLeilighet
  • Areal49 m2
  • Antall rom3 roms
  • Antall soverom2 rom
  • Etasje2. etasje
  • LeieperiodeLangtidsleie
  • Ledig fra01.08.2026

Betingelser

  • Månedsleie21 900
  • Inkludert Varmtvann
  • Depositum65 700
  • Godtatt sikkerhet Depositumskonto
    NAV-garanti
    Depositumsgaranti
Depositumsgaranti fra Tryg
Samme sikkerhet til kun
15% av depositumsbeløpet

Fasiliteter

  • Airconditioning
  • Alarm
  • Bredbåndstilknytning
  • Dyrehold tillatt
  • Hvitevarer
  • Moderne
  • Møblert
  • Rolig
  • Sentralt
  • Terrasse
  • Turterreng

Utfyllende informasjon

Lys og sentral 3-roms i Solheimsviken | 2 soverom | Varmepumpe | Felles terrasse

Lys og attraktiv 3-roms leilegheit i 2. etasje, med ein romsleg stove, to soverom og eit heilflisa bad med varmekablar. Her får du og tilgang til ein koseleg felles terrasse, samt eit praktisk felles vaskerom med eigen bod for ekstra oppbevaring. Bygget består av totalt åtte leiligheter.

Leiligheta fekk nye vindauge i 2026, og det er nyleg montert varmepumpe – noko som sikrar eit godt inneklima og kjem godt med for straumrekninga til vinteren.

Merk: boligen vil ikkje vere heilt likt møblert på visning som på bileta, då dagens leigetakarar har innreia delar av leilegheita med eigne møblar. Her kan vi være litt fleksible på kva møblar som blir igjen og kva som fjernast etter ditt ønske.

Beliggenheit og kollektivtrafikk
Leilegheita har ei svært attraktiv beliggenheit, med fjorden på den eine sida og fjella på den andre. I Solheimsviken finn du eit godt utval av restaurantar, barar og kafear. Det er kort avstand til Bergen sentrum, Haukeland sjukehus, og sørover mot Nesttun og Lagunen.

Kollektivtilbodet er utmerka i alle retningar:
- Buss: Nr. 10 og 13 går rett over vegen og tek deg til sentrum i løpet av kort tid.
- Bybanen: Næraste stopp er Danmarksplass. Herfrå tek det ca. 10 minutt inn til sentrum (Byparken). Sørover tek turen til Lagunen storsenter 24 minutt, og ca. 40 minutt til Bergen lufthavn Flesland.
Perfekt for studentar

For studenten er dette området heilt ideelt:
- Høgskulen på Vestlandet (HVL): Campus Kronstad ligg i sykkelavstand, eventuelt berre eitt bybanestopp vidare frå Danmarksplass.
- Handelshøyskolen BI: Ligg rett over gangbrua Småpudden, som knyter Damsgård saman med sentrum.
- Universitetet i Bergen (UiB): Fakulteta for humanistiske fag, juridiske fag, psykologiske fag, samfunnsvitskaplege fag og matematisk-naturvitskaplege fag ligg alle lett tilgjengeleg i sentrum. Det medisinsk-odontologiske fakultet ligg rett ved Haukeland sjukehus.
Kort veg til det du treng

I nærområdet finn du ei rekkje daglegvarebutikkar og fasilitetar:
- 1 minutt å gå til Kiwi.
- 5–10 minutt gange til søndagsope Joker og Coop Extra.
- 5–7 minutt til Rema 1000 Viken og Rema 1000 Danmarksplass.
- Circle K ligg like ved, og på Danmarksplass finn du i tillegg bybane, frisør og apotek.

Tur- og treningsmoglegheiter
- Friluftsliv: Løvstien ligg i gangavstand frå leilegheita og strekkjer seg nesten fem kilometer langs austsida av Løvstakken. Her finn du flotte turmål som Riplegården og Casperkollen. For større utfordringar ligg både Løvstakken og Damsgårdsfjellet innan rekkevidd, med fantastisk utsikt over verdas vakraste by. Dessutan er Nygårdsparken ein flott plass for grilling og sosiale møter.
- Trening: Føretrekkjer du å trene innandørs, finn du Family Sports Club, SATS og iTrain på Danmarksplass, samt CrossFit Bergen i sentrum.

Praktisk informasjon
Sameiget gjennomfører ein del vedlikehald i år. Vindauge er allereie skifta, fasaden blir utbetra og taket blir skifta. Dette kan medføre noko arbeidsstøy i ein avgrensa periode, men vil truleg vere heilt ferdigstilt før du som ny leigetakar flyttar inn.


Visningsinformasjon

Ta kontakt for å avtale visning, fortell gjerne litt om deg sjølv.


Beliggenhet

Adresse: Vikens Gate 22, 5057 Bergen


Viktig informasjon om strømavtale ved kontraktsinngåelse
Hvis leiekontrakten opprettes og signeres via Hybel, og det er avtalt at leietaker skal tegne egen strømavtale, er det et krav at avtalen bestilles fra en av våre kommersielle samarbeidspartnere i forbindelse med signering av leiekontrakten. Dette gjøres for å sikre at leietaker har en strømavtale ved innflytting. Avtalen har ingen bindingstid, og leietaker står fritt til å bytte til en annen strømleverandør etter at kontrakten har startet.


Annonse-ID: 298700
Sist endret: 12.06.2026 09:13

Logg inn for å kontakte annonsøren

Om Hybel

Hybel tilbyr en markedsplass for utleie av bolig samt et komplett forvaltningssystem for utleie av bolig og næringseiendom. Hybel tilbyr blant annet digital opprettelse og signering av leiekontrakter og overtakelsesprotokoller, utleieforsikring, innboforsikring, fakturering av leie, opprettelse av depositumskonto, depositumsgaranti, kredittsjekk og ID-verifisering av leietakere.

Hybel Logo © Hybel AS 2026