Leilighet, 4 roms Sydneskleiven 29, Bergen
Om boligen
- BoligtypeLeilighet
- Areal65 m2
- Antall rom4 roms
- Antall soverom3 rom
- Etasje2. etasje
- LeieperiodeLangtidsleie
- Ledig fra01.07.2026
Betingelser
- Månedsleie21 000
- Inkludert Internett
- Depositum63 000
-
Godtatt sikkerhet
Depositumskonto
Fasiliteter
- Alarm
- Barnevennlig
- Bredbåndstilknytning
- Garasje/P-Plass
- Hage
- Hvitevarer
- Lademulighet
- Møblert
- Parkett
- Peis/Ildsted
- Rolig
- Sentralt
- Terrasse
- Utsikt
- Vaktmester-/ Vektertjeneste
Utfyllende informasjon
SVÆRT SENTRAL LEILEGHEIT. LIKE VED UIB
Svært sentral lys koseleg leilegheit i roleg strøk ved universitetet. God standard.
Lys, lun, triveleg og koseleg leilegheit med utsikt mot Ulriken, Nøstet og Nordnes. Roleg bilfritt strøk.
Bra standard, lyse tregolv i stova og soveromma.
Leilegheit i eit koseleg Bergenshus i Sydneskleiven, Nygårdshøyden.
Det er heile leilegheita som blir leid ut. Ikkje enkeltrom i bufellesskap.
Ledig frå 1. juli 2026.
(Noverande leigetakarar har budd er sidan november 2022. Dei er ferdige med studienen til sommaren, og etter kva eg forstår flyttar dei frå Bergen.)
Ynskjer de ein stabil, uproblematisk, sentral, koseleg og roleg stad å bu så trur eg dette er ein bra stad.
Leilegheita er mindre enn fem minutt gange frå sentrum, Torgalmenningen, og Fisketorget. To-tre minutt frå Dragefjellet/Jussbygget, Johanneskyrkja, HF-bygget, Sydneshaugen og Dragefjellet/jur. fakultet, Bergen Kino, Teateret m.m.
Kort veg til BI, Bybanen, Bryggen, turområde m. m.
Meir sentralt, og samstundes roleg, strøk er det vanskeleg å finna i Bergen.
For eit par år sidan kåra Bergens Tidende Sydnes til "Byens beste nabolag".
Noverande leigetakarar fortel om låge straumrekningar.
Både ytterveggar, tak og golv er isolert.
Internett (fiber) inkludert i leiga.
Eigen inngang frå gata.
(Huset ligg i skrått terreng. På nokre av bileta ser det ut som om leilegheita er i 1 etasje, men det er fullt innreia etasje under. Altså ingen kjellarlukt.)
Uteplass med hagemøblar. Fin til grilling på fine dagar. Grill inkludert.
Tre soverom.
Soverom 1 er ca. 13. kvm.
Soverom 2 er på ca. 12 kvm.
Soverom 3 er på ca. 11 kvm.
Alle soverom er møblert med klesskap, og hyller.
Stova med open kjøkkenløysing. Ca. 21 kvm.
Oppgitt areal er ca.
Sofa, med bord.
Spisebord med stolar.
Kjøkken med gryter, steikepanner, glas, bestikk etc.
Liten gang og eit lite bad med varmekablar. Delvis nyoppussa.
Leilegheita høver for 1-3 personar. Dei siste åra har leilegheita vore leigd ut til bufellesskap med tre personar.
Møblert med nyare komfyr (2025), kjøleskap, frysar, vaskemaskin.
Teknisk:
Nyare peisom. Reintbrennande. Alle vindauga er av isolerglas. Fleire vindauga er nyare bra elektrisk anlegg m. eigen målar, alarm, internett, nyare røyropplegg, isolerte ytterveggar, lydisolert mot nabohusvære, inga brannfella, seriekopla røykvarslarar, brannslukkingsapparat.
Varmeklablar på badet.
Alarm tilkopla alarmselskap.
Negative ting med husværet er at det ikkje er bodplass/sykkelbod. Dersom det er to leigetakarar kan sjølvsagt det eine soverommet brukast som bod.
Badet er òg lite, men fungerar fint.
Ryddig utleigar som tilstrebar eit profesjonelt og problemfritt utleigetilhøve.
Ting som eventuelt ryk blir fiksa raskt.
Dyr- og røykfritt. Utleigar tek brannførebygging alvorleg.
Husleiga inkluderer breiband og alarm.
Straum frå eigen målar.
Soneparkering like i nærleiken. 580 kr/mnd til kommunen. Det er mange ladestasjonar i området.
Ta kontakt om dette er av interesse.
Visningsinformasjon
Ta kontakt for avtale om visning.
Beliggenhet
Adresse: Sydneskleiven 29, 5010 Bergen
Viktig informasjon om strømavtale ved kontraktsinngåelse
Hvis leiekontrakten opprettes og signeres via Hybel, og det er avtalt at
leietaker skal tegne egen strømavtale, er det et krav at avtalen
bestilles fra en av våre kommersielle samarbeidspartnere i forbindelse med
signering av leiekontrakten.
Dette gjøres for å sikre at leietaker har en strømavtale ved innflytting.
Avtalen har ingen bindingstid, og leietaker står fritt til å bytte til en
annen strømleverandør etter at kontrakten har startet.
Sist endret: 12.01.2026 22:07
Logg inn for å kontakte annonsøren