Leilighet, 3 roms Daniel Hansens Gate 14, Bergen
Om boligen
- BoligtypeLeilighet
- Areal50 m2
- Antall rom3 roms
- Antall soverom2 rom
- Etasje2. etasje
- LeieperiodeLangtidsleie
- Ledig fra01.12.2025
Betingelser
- Månedsleie20 000
- Inkludert Strøm, Oppvarming, Varmtvann, Internett
- Depositum32 000
-
Godtatt sikkerhet
Depositumskonto
Fasiliteter
- Bredbåndstilknytning
- Hvitevarer
- Møbler
- Sentralt
Utfyllende informasjon
Ledig leilighet sentralt i Bergen, strøm inkludert
Våre kjære leigetakarar har kjøpt seg leilighet og me er difor på jakt etter nye ordensmenneske som vil bu i vår svært sentrale leilighet i 2.etasje, frå 1.des/1.jan! Passar godt for eit reinsleg og roleg par.
Ta kontakt på hybel.no for visning!
Om leiligheten:
Daniel Hansens gate 14 er ein sjarmerande 3-roms leilighet på 50 m2 med ei fantastisk sentral plassering. Leiligheten ligg i 2.etasje og har ei takhøgde på 2,6 meter som gir eit romsleg inntrykk. Det er gjennomgående laminat på golv, og malt strie og panel på vegg.
Entre: Når du opnar døra til leiligheten kjem du inn i ein entre/kjøkken som målt til 9,7 kvm. Her er det mogleg å henga frå seg yttertøy og sko.
Kjøkken: IKEA-kjøkkenet har ei innreiing av kvite, profilerte frontar og benkeplate av laminat. Av kvitevarer er det oppvaskmaskin, steikeovn, keramisk platetopp, ventilator og kjøl/fryseskap. Utstyr på kjøkkenet til matlaging er inkludert.
Stove: Stova er målt til 17,6 kvm. og er hjarta i leiligheten. Her er det ei sone med sofagruppe og ei for spisegruppe. Veggane er malte i lyse fargar, og rommet får eit fint lysinnslepp fra leiligheten sine store vindauger. Bileta frå stova viser ikkje den nye sjeselongsofaen, teppet og TV-en som var nye i 2023. Møblar er inkludert.
Bad: Badet er målt til 3,3 kvm og er heilflisa med varmekablar i golv. Her er det eit vegghengt toalett, dusjkabinett og servant med møblement og speil. Elles er det ny kombinert vaskemaskin/tørketrommel og avtrekksventil i vegg. Vaskemaskina er ein del av inventaret.
Soverom: Leiligheten har to soverom som er målt til 8,5 kvm og 8,7 kvm. Begge soveromma kan ha dobbelsenger og begge har garderobeskap for oppbevaring. Leigetakar kan dersom det er ønskeleg få setta inn eigen senger.
Leiligheten er del av eit sameige og leigetakarar må følga oppsette standard husreglar. Dette går me gjennom ved kontraktsignering.
Om plasseringa av leiligheten:
Daniel Hansens gate 14 ligg svært sentralt til i Bergen sentrum, med gangavstand til det urbane bylivet utan å måtta tenka på transport. Leiligheten ligg likevel langt nok unna sentrumskjernen og utestadane til å ikkje vera plaga av støy på nattestid. Mange koselege kaféar og daglegvarebutikkar finn du like om hjørnet.
Det er kort veg til dei fleste servicetilbod, samt fleire daglegvarebutikkar i gangavstand. Blant anna ligg Kiwi rett i nærleiken av leiligheten. I tillegg ligg Rema 1000 og Matkroken få minuttars gange frå leiligheten. Sistnemnde er også søndagsopen. På 5 minuttar kjem ein seg til Bergen storsenter, kor ein finn Bystasjonen for buss og Jernbanestasjonen. Herifrå kan ein ta seg vidare til øvrige bydelar i Bergen og andre destinasjonar via Bybanen. Det er også kort veg til bybanestoppet på Nygård.
Området er attraktivt for studentar pga den korte vegen til skular og universitet som UIB, BI og høgskulen. Om ein er student, er også nærleiken til Studentsenteret heilt topp. Her kan ein trena, lesa, eta middag med vener eller nytta det moderne bassenganlegget.
Er du ein turglad person, ligg Fløyen og byfjella med sine flotte turløyper lett tilgjengeleg. Kickstart kvardagen med ein joggetur rundt Store Lungegårdsvann - som byrjar i enden av Nygårdsgaten. På fine dagar kan det også frista med ein tur opp Fløisvingene til Fløyen, men vil ein heller trena innandørs finn ein blant anna Sats, iTrain, Actic Bergen, Sammen studentsenteret, Sammen sentrum og Sammen Vektertorget. Av andre fritidstilbod vil me nemna ADO Arena, Vikinghallen og Lehmkuhlhallen. Akvariet og Biblioteket ligg også i nærleiken. Det er fleire populære parkområde som er lett tilgjengelege frå leiligheten. Blant anna ligg Nygårdsparken like i nærleiken med yrande liv og grilling om sommaren, medan koselege Lille Lungegårdsvann ligg like bak Grieghallen. Her er det berre å sette seg ned på en av dei mange benkane rundt vatnet med favorittboka elle pensum og slappa
av.
Likar du kultur og opplevingar, er det stadig flotte arrangement og konsertar i Grieghallen, eller spennande oppsettinger ved Den Nationale Scene. Kunstmusea i Bergen, KODE, ligg også rett ved leiligheten. Festplassen byr på fleire gratiskonsertar og fyrverkerishow.
Visningsinformasjon
Ta kontakt på hybel.no for å avtala intervju og visning!
Beliggenhet
Adresse: Daniel Hansens Gate 14, 5008 Bergen
Sist endret: 12.09.2025 11:09